Med heimel i TLA har Vh IT i Ålesund kommune rett til å stille krav til utstyr som inngår i våre driftstenester.

Herved gir vi varsel om at svitsjar av typen Cisco 2940 og 2950, samt enkelte modellar av 3750 ikkje vil bli støtta vidare og at kommunene må koste utskifting.  Årsaken er at det er avdekka sikkerhetsmessige problem som ikkje kan fiksast, som følge av at produkta er utdatert og ikkje lenger supportert av Cisco. 

Ytterligare info: https://tools.cisco.com/security/center/downloadPDF.pdf

Det er offentleg kjent korleis denne sårbarheten kan utnyttast, og derfor ønsker vi å fase ut det aktuelle utstyret kommande halvår.  Vi ønsker at utskiftingsprogrammet er 100% gjennomført i 2017. Kalkulasjon av kostnader for tilrådde tiltak vil bli gjennomført for kvar enkelt kommune og kommunisert direkte.

Siste salsdato for Cisco 2950 var 21. oktober 2008, så utstyret har gjort sin nytte. 

IT/AHSKritisk feil

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund