Ny teamleiar Brukarstøtte - innstilling

Skrevet av AHS10 .

Vi annonserte etter ein person med m.a. høgare utdanning, relevant erfaring frå personalleiing, logistikk og brei IT-kompetanse.

12 søkarar meldte seg, og av desse fant vi at 4 oppfylte fleire av krava over og var interessant å gå vidare med.

I samarbeid med et headhunterbyrå «Yapril», gjorde vi personlighetstest, jobbintervju og referansesjekk. 

Til slutt konkluderte vi med at IKT-ingeniør og lærar Kristin Alvestad (50) var den som best dekka våre krav, og ho er innstilt som nr 1. 

Ho har m.a. bakgrunn som systemingeniør Emma EDB, 10 år som servicedesk manager og opplæringsansvarleg i Cinet/Netway/Tussa, IKT-lærar,  drift og administrasjonsleiar på Ålesund vidaregåande, Training manager i Ship Equip/Inmarsat og dei siste 4 år i Rolls Royce som HR manager/Opplæringsleder.  

Vidare har ho ulike sertifiseringer, m.a. innan ITIL og LEAN.

Nokre kjenner henne kanskje som leiar / medlem av prøvenemnda for IKT-lærlingar der ho deltok i frå 2006-2009.  

Oppstart blir truleg 15.8.

Foruten IT-sjef Are Staurset, deltok også fagforeningsrepresentant Line Hessen (Delta) og Andrea Lothe frå Yapril (rekrutteringsfirmaet) i tilsetjingsprosessen. 

IT/AHS

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund