"Urd"-utfall: Lyn, vind og straumproblem

Skrevet av AHS10 .

Etter kraftig vind, torden og straumblink/utfall i mesteparten av julehelga er vi no i reparasjonsfasen.  Mellom anna :

Ålesund: Hardt ramma av at naudstraumsanlegget på rådhuset ikkje bestod prøven, og enkelte system fortsatt ute. Følgefeil ødela sentralt svitsjeutstyr.  Larsgården skole, Ellingsøy skole, Krematoriet m.fl. har vore uten nett i perioder.

Sandøy: Lokale serverar i rådhuset fall ut - sannsynlegvis spenningsvariasjonar.

Ørskog: Nordvestnett melder om at det er straumlaust på på Amdam/Gausneset og vår relestasjon der, og nettutfall for Ørskoghallen og Skarbø skole.  Straum truleg tilbake i løpet av dagen, og deretter vil vi kunne sjå om det også er lyn/overspennings-skader på utstyret.

Sula: Torden har skada pasientsignalsystem, brote kommunikasjon til Vågen legekontor og feil på lokal server.

Giske: Vigra omsorgssenter hadde nettutfall.

Fellespunktet og øvrige kommuner har hatt få eller ingen problem.  

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund