Nedblåst antennemast på Brannstasjonen Volsdalsberga
Ei lita antennemast i tårnet på brannstasjonen blåste overende 18.1. Konsekvensane var likevel betydlege - sambandet til Aksla fall ut og det kommunale datanettet på Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya og Søvika er nede.
Normalt ville det kun tatt nokre timar å rigge det opp igjen, men på grunn av vinden kunne ikkje brannvesenet bruke stigebilen. Det er fortsatt meldt kraftig vind framover, og vi rigger opp ein ny link frå Flatholmen i løpet av dagen, for å få opp igjen nettet i Ytre Haram snarast råd.
IT / AHS