Sikkerhetsoppdatering av 8500 PCar

Skrevet av AHS10 .

Intellogo

Det er avdekka alvorleg konstruksjonsfeil på Intels prosessorar, som først no har blitt offentleg kjent. Sikkerhetshola har blitt kalt hhv "meltdown" og "spectre". 

Desse må avbøtast ved å først sikkerhetsoppgradere Windows, deretter BIOS på samtlege 8500 PCar i eKommune Sunnmøre systemet. 

(BIOS er eit initielt program som blir henta frå ein chip på hovedkortet og klargjer PC-hardware, før oppstart av operativsystemet).  

Brukarar som er logga på vil få eit varsel om at maskina må startast på nytt om 5 minutt. Når maskina er på veg opp igjen vil den installere nye oppdateringar og det er kritisk at maskina får fullføre den jobben, det heile vil ta 5 minutt. Med andre ord tvingar vi ein kjapp omstart av maskina på kort varsel for å ivareta IT sikkerheita.

Oppdateringsprosessen er i gang og rullast i pulje i næraste framtid. Med andre ord vil ikkje alle få det oppdateringer samtidig.

Den som er interessert i meir info om problema som må avbøtast, kan lese meir her: 

https://www.digi.no/artikler/cpu-problemene-gjelder-langt-fra-bare-intel/415439

https://www.intel.com/content/www/us/en/architecture-and-technology/facts-about-side-channel-analysis-and-intel-products.html

http://www.dell.com/support/contents/us/en/04/article/product-support/self-support-knowledgebase/software-and-downloads/support-for-meltdown-and-spectre

IT/AHS

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund