Det nye IT-samarbeidet starter opp 1.februar !

Skrevet av Super User .

tastatur-smilUtviklinga i informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) er grensesprengande, og 8 kommunar har derfor beslutta å fjerne grensene og etablere ei felles «IT-kommune» under namnet «eKommune Sunnmøre».  


Det er ein trend at kommuner samler seg i ulike IKT-samarbeid, fordi ulike kommunar produserer dei same tenestene og har behov for nokså like IT-løysingar for å oppfylle lover og forskrifter, effektivisere og oppfylle overordna krav om rapportering.  

Mange kommunar har i tillegg store utfordringar når det gjeld aukande krav til breibandsinfrastruktur og kapasitet, i sitt interne datanett og ikkje minst i forhold til innbyggarar i spredtbygde strøk. Dette er utfordringar som kommunar med fordel kan samarbeide om, og der mellomstore kommunar normalt ikkje har eigen kompetanse.

IT-utfordringane for dei fleste medlemskommunane er store, dagens situasjon er at vi har eit etterslep på ønska funksjonalitet, typisk i form av litt gamlePCar, manglande nettkapasitet til skular, manglande integrasjon mellom fagsystem og arkivsystem, og mange manuelle IT-driftsrutiner. Det er dessutan kun halvparten av medlemskommunane som oppfyller det obligatoriske FEIDE-kravet, og blokkerar dermed elevtilgang til ein del pedagogiske internett-tenester.  

Felles IT-organisasjon

Ønsket er å bygge opp ein felles IT-organisasjon med handlekraft og gjennomføringsevne, som også, på grunn av anstrengt kommuneøkonomi, må gå på sparebluss. Rådmennene og kommunestyra har derfor beslutta at det raskt er behov for tiltak for å komme på ei felles IT-plattform som kan drivast effektivt, og at den beste måten å gjere det på er ein felles IT-organisasjon. Ved å fordele kostnader etter fastsatt nøkkel, skal vi unngå å bygge opp tidkrevjande løysingar for internfakturering av tenester.

Datanettutbygging er alt godt i gang, og vil bli forsert. Etterspurnaden etter internettkapasitet i trådlause gjestenett for smarttelefonar og nettbrett på rådhus, skular, institusjonar m.fl. er stor og veksande og medfører at kommunane sitt datanett må dimensjonerast for dette. Skulane sin eigen nettbruk dreier seg også meir i retning av kapasitetskrevjande video og TV-streaming, og bidrar også til auka behov.     

Konsolidering frå 1. februar

Frå 1. februar går vi inn i ein konsolideringsfase der sentrale datasystem blir flytta over til eit felles serverrom, og kommunane vil gradvis oppleve at det blir innført felles helpdesk og andre fellesløysingar.  Dette medfører at anna utviklingsarbeid må "pausast" for ei periode, til fordel for arbeid med samordning og felles IT-plattform.  

Samordningsprosessane blir styrt av ei interkommunal «Bestillareining», der alle kommunar er involvert.  Følg oss vidare her på intranett.esunnmore.no


Helsing
Are Staurset
IT-sjef

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund