Ørskog: Nytt rådhus og ny telefonløysing

Skrevet av AHS10 .

Vi gratulerer Ørskog kommune med nytt rådhus og ny telefoniløysing. Den gamle telefonsentralen var ikkje liv laga og i november avtalte vi at Ålesund kommune si telefonløysing skulle dekke Ørskog kommune sitt nye rådhus med 4-siffra internnr basert på IP-telefoni. 

Leveransen inkluderte ca. 30 internlinjer og ein ekspedientposisjon i Ålesund kommune sitt TRIO sentralbord-løysing. Ved å velge samarbeidsløysing sparte Ørskog investeringer i både telefonsentral og TRIO sentralbordløysing.  Etableringskostnad for Ørskog er i hovedsak sjølve telefonapparatet samt 50 kr pr mnd pr internlinje (fastavgift)  + trafikkostnad.

Samtidig ligg alt til rette for å ta ibruk IP-telefoni til ulike kommunale bygg, med sentralbordfunksjon i Ørskog rådhus.

Foruten etablering av telefoni-løysing har vi også satt opp trådlaust nettverk i rådhuset og flytta serverrommet. 

 

IT/AHS  

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund