Skodje har fått superrask 10Gbit/s tilknytning til FP

Skrevet av AHS10 .

Vårt arbeid med å etablere ein superrask digital motorveg mellom rådhusa i samarbeidskommuene begynner å vise resultat.  Idag tok vi i bruk det nye 10Gigabit-sambandet til Skodje, og flaskehalsen til Fellespunktet på 100mbit/s er historie.  

Med 100x større kapasitet vil det gå like raskt å få digitale tenester levert frå Fellespunktets serverar som dei som står lokalt i Skodje rådhus. 

Endringa vil merkast spesielt godt i internettkapasiteten til den store gruppa av skulelevar, der kapasiteten no i praksis kun er begrensa av WiFi-utstyret i skulane. 

Neste kommune som blir tilknytta med tilsvarande linje er Haram, det står kun på at Nordvestnett må montere fiberen i Haram rådhus og Vatne ungdomsskule, så er vi klar til å levere.  Vi har ikkje fått datoen endå, men dei seier at det vil skje i næraste framtid.

IT / AHS

Skodje-fiberrør

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund