Is på Veten radiolink medfører utfall i Haram 8.12.14

Skrevet av AHS10 .

Frå kl 0839 begynte radiolink-sambandet Giske - Gamlemsveten å feile som følge av isdanning på parabolen og Haram og Sandøy kommune mista sitt primærsamband til Fellespunktet. Ei svakare backuplinje frå Sandøy til Fellespunktet hadde for liten kapasitet til at drifta kunne gå som normalt i Haram, mens Sandøy fekk litt betre effekt.   

Relacom hadde ikkje kjøretøy tilgjengeleg som kunne brukast til å komme seg opp og banke laus isen, men så seint som 5.12. fekk vi ferdigstilt ein fiberleveranse på sambandet Skodje - Vatne - Haram rådhus og i ekspressfart fekk vi satt den i drift til kl 2345 den 8.12!

Frå og med 9.12.  kl 1100 er også trafikken til Sandøy ruta om frå svak backup-link til å gå Gamlemsveten - Haram rådhus - Fellespunktet så lenge vi har isproblem.  Kapasiteten for Sandøy er nær normal.antenne GML mot Giske rådhus

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund