Vi er under "DDOS" angrep - 23.10.

.

Siste tida har vår internettaksess vore under angrep med "Distributed Denial of Service" også kalla DDOS. Det går ut på at eit utall PCar på internett sender så store mengder datapakker til vår ytre brannmur at denne ikkje greier å handtere trafikken.  

Dette er ikkje uvanleg og både nettaviser, bankar og flyselskap har blitt slått ut av slike angrep. Data på innsida er trygge, det er først og fremst problem for dei som vil nå våre websider, samt at vi kan oppleve ustabil tilgang til internett frå innsida.  

AHS

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund