Tordenver og nettutfall 17.1. Haram og Skodje

.

Søndag kveld fekk vi straumbrot i deler av vårt område med påfølgande nettverksproblem, i hovedsak avgrensa til Haram og Skodje.  I Skodje var problemet ein hoved-nettverkskomponent i rådhuset, og etter utrykning vart problemet løyst.

I Haram var det ein eksplosjon i trafoen som står ved mobilmasta på Ramnfloget og tilstanden til vårt transmisjonsutstyr i masta og bua på Ramnfloget er uavklart. Det tar gjerne 2 dagar å skifte trafo og få igang datanettet, forutsatt at vårt utstyr er intakt. 

Som ein konsekvens av at Vatne ungdomsskule fekk fiberbasert datanett for eit års tid sidan har begge skulane i Vatne intakt nett. Siste tids omlegging gjer at Vatne sjukeheim er uavhengig av Ramnfloget og dei kom på nett igjen no kl  0945. Solbakken kan også gå utanom Ramnfloget, og vil få tilbake datanettet i løpet av formiddagen. 

Skulen og barnehagen i Tenfjorden, samt Helsestasjonen på Vatne og Teknisk lager i Vatnedalen vil ikkje komme på nett før Ramnfloget er operativ igjen. 

IT/AHS

 

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund