Organisering

.

eKommune Sunnmøre er eit interkommunalt samarbeid mellom dei 8 kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund.  Utøvinga er delt i eit strategi - og bestillarledd og eit driftsledd.

 

Strategi - og bestillar

Samarbeidsforma for strategi- og bestillarledd er eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27.

Strategi og bestillerleddet i eKommune er koordineringsansvarleg og har følgjande ansvar:

  • Koordinere kommunane sine behov for nyinnkjøp av fagsystem
  • Oppfølging / koordinering mot leverandør for fagsystema
  • Bidra til at interkommunale faggrupper blir etablert, samt ha ansvar for at faggruppene er i drift.

Driftledd

IKT drift er organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova § 28b, med Ålesund kommune som leverandør av IT–tenester til dei sju samarbeidskommunane.

Driftsansvarleg har:

  • Ansvar for at den teknisk drifta av systema er i samsvar til gjeldande lovverk og retningslinjer for IT-Sikkerheit.
  • Ansvarleg for at oppgradering og drift av systema er forsvarleg og i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer

Forholdet til Ålesund kommune er regulert i ei eiga bestilling.

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund