Tenestepakke

.

Tenesteleverandøren – Ålesund Kommune vh IT – leverer følgjande tenestepakke til kommunane i eKommune samarbeidet.

Tenestepakke til samarbeidskommunane

Tenesteleverandøren – Ålesund Kommune vh IT – leverer følgjande tenestepakke til kommunane i eKommune samarbeidet.

Basis tenester

Alle brukarar får tilgang til eKommune sin infrastruktur og basistenester når dei er registrerte i eKommune Sunnmøre sin katalogteneste.

  • Nettverkstilkobling – tilknyting via utstyrt godkjent av Tenesteleverandør.

  • Alle nye PC-er, nettbrett, PDA’er etc skal konfigurerast og installerast i regi av Tenesteleverandør.

  • Datakommunikasjon: Nettverkssamband frå kommunane til driftssenter via fiber, fast linje eller trådlaust nettverk.

  • Sentral fillagring for alle brukarar unntatt elevar

  • Lagringsbegrensningar: Det er ikkje tillate å lagre private filer på sentrale servere.

  • Sikkerheitskopiering / tilbakeføring av data: IT tar sikkerheitskopi av Fellespunktet sine databasar, heimeområde og fellesområde på sentral backup-løysing. Gjenoppretting av data må bestillast via Driftsstøtte. Tenesteleverandør foretar ingen sikkerheitskopiering av lokalt lagra filer.

  • Sikkerheitskontroll: IT har fylgjande sikkerheitskontrollar:

    • Antivirus: Alle servarar og PC-ar har virusbeskyttelse. Dette skal sikre mot virusangrep både internt og eksternt. Systemet blir automatisk oppdatert.

    • Innhaldskontroll: Sentralt installert programvare hindrar tilgang til uønskte websider og bruk av uønskt applikasjonar. Dette gjeld også ved bruk av arbeidsgjevars PC utanfor eKommune Sunnmøre sitt nettverk.

    • E-postvasking: Sentralt installert programvare fjernar uønskt masseutsendt e-post (spam).

  • Internetttilknytting: Alle brukarar får tilgang til internett via brannmur. Internetttrafikken blir logga og filtrert.

  • Nettverks-skrivar: Alle brukarar har tilgang til nettverks-skrivarar. Lokale skrivarar nyttast berre i det tilfelle det ikkje er tilgang til nettverks-skrivarar, og dette avtalast særskilt med Tenesteleverandør. Alt utstyr som skal nyttast i nettverket skal kjøpast via gjeldande rammeavtale og vere installert med standard oppsette.

  • Elektronisk epost- kalendersystem: Alle brukarar som er definert i AD, får personlige e-post- og kalenderkonto basert på Microsoft Exchange.

  • Tilgang Intern sone: Standard teneste for brukarar i intern sone, dekker normal databehandling og kontorstøttefunksjon for behandling av ikkje-sensitive dataopplysningar.

  • Fagsystem: IT leverer tilgang til fagsystem fram til brukarpålogging. Brukarnamn og passord til fagsystemet leverast av systemansvarlege hos tenestemottakaren (kommuna).

For meir informasjon, kontakt IT-Sjef Are Staurset (, Telefon 70 16 24 42 / 414 24 700).

eKommune Sunnmøre: Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog, Ålesund